Pressemelding

 

Sogndal Fotball inngår historisk avtale med utstyrsleverandøren Umbro.

 

Scantrade AS/Umbro og Sogndal Fotball har 25.09.2018 signert ein femårig utstyrsavtale med Umbro. Avtala inneberer at Umbro skal levere alt av fotball- og supporterutstyr til klubben dei neste fem åra. Forlenginga av avtala gjer at Umbro og Sogndal Fotball har samarbeidd i 25 år.

 

- Denne avtala er historisk! Me er stolte over å kunne levere den beste totalpakken til klubben, og vidareføre det gode samarbeidet me har hatt i 25 år med klubben og lokal sportsbutikk, Intersport Sogndal.


- 25 år som utstyrsleverandør til same klubb er ganske unikt i dagens marknad, der konkurransen blant utstyrsleverandørane er knallhard. Me er utroleg imponert over det dei har fått til i Sogndal, seier Geir Nordahl som er leiar for Elite og salsavdelinga i Umbro Norge.

 

I Sogndal sit også lovorda laust om den historiske avtala med Umbro.

 

- Me er svært stolt over vårt lange og trufaste samarbeid med Umbro. Det er viktig for Sogndal Fotball å ha gode samarbeidspartnarar i ryggen, og her er absolutt Umbro med. Me er godt nøgd med produkta Umbro leverer, både til vår breiddeavdeling og ikkje minst A-laget. Me gleder oss til åra som kjem, seier Hilde Østbø dagleg leiar for Sogndal Fotball.


Den nye avtala gjeld frå 01.12.2018 til 31.12.2023

--------------------------------------------------------------------------

For meir informasjon kan følgjande personar kontaktast:

 

Geir Nordahl

Leder for Elite og salgsavdeling

Scantrade/Umbro

Mobil: 419 17 505

 

Hilde Østbø

Konstituert dagleg leiar

Sogndal Fotball

Mobil: 900 66  554

Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.